
|
|
Gjestfridom har lange tradisjonar på våre kantar. Farande folk skal ein take vel imot, by på det beste og syne det finaste. Det er skikkar vi gjerne fylgjer opp!
Det er vakkert i Fyresdal, vakrare enn nokon annan stad i Telemark, seier vi og meiner vi har god nok dekning for ein slik påstand: Rik og variert natur er det som særpregar kommunen. Det går dyr i skogen, det vakar fisk i vatna der ein kan fiske aure. Det er store område der ein kan plukke skogsbær og sopp. Landskapet er prega av vakre vatn, steile og blanke fj ell og skogar med milde innslag av dyrka mark. Det har sterke former og kraftige fargar og stig frå 270 m o.h. til 1200 m o.h.Les kva Vest Telemark kan by på i sommar |